Hopp til innhold

Koronaprøve forsvann i posten

I helga forsvann ein Covid-19 prøve på vegen frå legesenteret i Florø til Førde sentralsjukehus, skriv Firdaposten. Personen som testa seg tok kontakt med legesenteret og fekk vite at det ikkje fanst noko resultat. – Når presset er så stort som det er, er det lettare å gjere feil, seier kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale til avisa.