Hopp til innhold

Kollisjon mellom motorsykkel og bil på Bømlo

Naudetatane har rykt til ein kollisjon mellom ein motorsykkel og ein bil like sør for Finnås på Bømlo. Føraren av motorsykkelen er medviten, men skadeomfanget er uavklart.

– Dei første meldingane frå naudetatane som er komme fram, er at det har vore eit kraftig samanstøyt mellom ein lettmotorsykkel og ein personbil, seier Victor Fenne-Jensen i politiet.

Politiet har ikkje fått melding om at personar i bilen er skadde. Luftambulansen er også på veg frå Stavanger.

Vegen er stengd.