Hopp til innhold

Kokainskipet på Husnes: Ein av fem vedgår straffskuld

Fire menn og ei kvinne frå Albania er tiltalte for å ulovleg ha innført og oppvbevart 150 kilo kokain til Husnes i april i fjor. Dei er tiltalte som ei kriminell gruppe. Det som avslørte dei var dykkarutstyret dei skulle bruke for å få opp narkotikaen frå under eit skip.

Dei fem svarte i Hordaland tingrett i dag korleis dei stiller seg til tiltalen. To av fem nektar straffskuld.

Mann (30) vedgår straffskuld etter tiltalen.
Mann (26) vedgår delvis straffskuld, men hevdar han trudde dei skulle smugle hasj.
Mann (27) vedgår å ha vore med, men nektar straffskuld fordi han ikkje visste kva dei henta.
Kvinne (33) nektar straffskuld.
Mann (46) nektar straffskuld.

30-åringen sa seg skuldig etter tiltalen. 26-åringen erkjenner straffskuld for hasj:

– Eg er skuldig og erkjenner, men det gjeld hasj, sa han.

27-åringen erkjenner delvis straffskuld. Han visste ikkje at det var narkotika saka gjaldt.

– Handlingane har eg gjort, men utan kunnskap og vere klar over kva det gjaldt, sa han.

Saka går for Hordaland tingrett frå 7. mai og det er sett av minst 10 dagar. Det er åtte uniformerte politi i retten. Det er også to tolkar til stades.