Hopp til innhold

Knuste erkerivalen 7–0

Det var klasseforskjell då Førde tok imot Florø i kvalifiseringa til Noregsmeisterskapen i fotball.

Allereie til pause stod det 4–0 til heimelaget, og kvittrøyene gav seg ikkje før det stod 7–0 i Hafstadparken.

Dermed er Førde klare for første ordinære runde i cupen. Der kan dei risikere å møte eit eliteserielag, slik dei gjorde i 2016 då dei slo Brann ut av cupen.