Hopp til innhold

Klagar på russestøy i bergensområdet

Politiet fekk ein del klagar på russ og russestøy i natt, særleg i bergensområdet.

I dei fleste tilfelle har russen retta seg etter politiet sitt pålegg.

– Når vi rykker ut er dei greie ungdommar å forhalde seg til, men lyden går for opp igjen, seier Tatjana Knappen i politiet.

Det har elles vore ei relativt roleg natt for politiet.