Hopp til innhold

Jon Bolstad går av som administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest

Det melder Sjukehusapoteka Vest i ei pressemelding. Eit samla styre vart i dag informerte om at Jon Bolstad har sagt opp stillinga si.

– Det har vore innhaldsrike, spanande og givande seks år i denne jobben. Samtidig har særleg dei siste månadane vore tøffe, ikkje minst for ulike leiarar og medarbeidarar, med mykje uro og sterkt press, seier Bolstad.

– Difor tenkjer eg at organisasjonen akkurat no kan vere tent med ein annan ved roret for å ta arbeidet vidare. Dette har vore sentralt i dialogen eg har hatt med styreleiar og nestleiar.

Av pressemeldinga går det fram at styreleiar Helge Torgersen har respekt for avgjersla til Bolstad og takkar han for innsatsen som administrerande direktør. Lene Svanberg Jacobsen er konstituert som administrerande direktør av styret. Ho har sidan 2008 hatt stillinga som apotekar for Sjukehusapoteket i Haugesund.

Administrerende direktør i Sjukehusapoteka Vest, Jon Bolstad
Foto: Mette Anthun / NRK