Hopp til innhold

Innbrot i båtar på Hauglandshella

Politiet gjer undersøkingar i Steinsundet på Hauglandshella på Askøy, etter melding om innbrot i to båtar. Det er mellom anna stelt ein gummibåt, ein kjølebag og eit ekkolodd. Båtane ligg ved ei flytebryggje, og ifølge politiet verkar det som tjuvane har kome sjøvegen.