Hopp til innhold

Ingen nye smittetilfelle

Det er til saman seks tilsette fordelt på fire avdelingar som er smitta av covid-19 ved sentralsjukehuset i Førde. Det første tilfellet blei stadfesta måndag.

Det er lagt ned eit stort arbeid knytt til testing og smittesporing, der omkring 110 tilsette er testa. Nærkontaktar av dei smitta blir testa kvar dag. Per no er det ingen nye positive blant tilsette eller pasientar. Det har ikkje råka drifta ved sjukehuset.

– Det er ein krevjande situasjon, seier kommunikasjonsdirektør ved Helse Førde, Terje Ulvedal.

Førde sentralsjukehus i gråvêr
Foto: Oddgeir Sæle