Hopp til innhold

Ikkje mistanke om noko straffbart etter dødsfall på Stord

Politiet melder onsdag at det ikkje er mistanke om at det har skjedd noko straffbart etter at ei kvinne i 30-åra vart funnen livlaus i Leirvik på Stord tysdag.

– Obduksjonen er gjennomført i dag, og førebelse svar frå den er at det ikkje er mistanke om at det har skjedd noko straffbart, seier Trond Atle Sjøvold, leiar ved etterforskingsavsnittet på Stord.

I tillegg til obduksjonen er det gjennomført teknisk og taktisk etterforsking og ein del vitneavhøyr.

– Som følgje av obduksjonsrapporten vil det bli gjort ei ny vurdering om kva etterforskingsskritt som skal gjennomførast før den endelege obduksjonsrapporten er klar, seier Sjøvold.