Hopp til innhold

Hordviktunnelen stengd for bilberging

E39 Hordviktunnelen mellom Knarvik og Vågsbotn er stengd i kort tid. Eit køyretøy har fått problem inne i tunnelen og vert berga ut.

– Det vil ikkje løne seg å køyre rundt, då tunnelen berre vil vere stengd i opp til 15 minutt, seier trafikkoperatør Albert Sherington i Vegtrafikksentralen.