Hopp til innhold

Hets mot politikarar i Sogndal

Fleire politikarar i Sogndal fortel om hets og trugslar i samband med arealplanen i Sogndal kommune. Clara Øberg frå Arbeidarpartiet, som er leiar i plan- og samfunnsutvalet, fortalde i kommunestyret i dag at trugslane har kome frå aktørar med store eigeninteresser i planen. Det melder Sogn Avis.

Arnstein Menes frå Senterpartiet, som ikkje sjølv sit i utvalet, stadfesta det Øberg fortalde. Kommunedirektør Tor-Einar Skinlo oppmoda møtelyden til å ta bodskapen på alvor. Han sa også at politikarane burde gjere seg kjent med PST sine råd rundt handtering av hatefulle ytringar, hets og trugslar mot politikarar.

Clara Øberg
Foto: Sondre Dalaker / NRK