Hopp til innhold

Lokomotivet henta til tunnelopninga

Onsdag blir det jobba med å henta ut lokomotivet som har stått inne i Arnanipa jernbanetunnel etter at eit godstog spora av fredag kveld. Politiet og Havarikommisjonen har gjort undersøkingar på staden. Ved 10-tida onsdag har lokomotivet blitt frakta til tunnelopninga. Det er framleis uvisst når Bergensbanen vil opna igjen mellom Arna og Vaksdal.

– Det er krevjande, komplisert arbeid. I dag skal me demontera hjulsetta på lokomotivet før me kan trekka det ut. Kor lang tid det tek er ikkje mogleg å seia, seier pressevakt i Bane Nor Øystein Stavdal Paulsen. Han viser til at dei ikkje får fullt oversyn over korleis det ser ut inne i tunnelen før alt er fjerna.

– Me set alle krefter inn på å få ut lokomotivet og å få opna strekninga på Bergensbanen som er stengd.

lokomotiv godstog arnanipa jernbanetunnel
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK