Hopp til innhold

Helikopterulykka: Sistemann avhøyrt av politiet

Den siste av dei fem overlevande etter helikopterulykka utanfor Sotra i februar er no avhøyrt. Det seier politiadvokat i Vest politidistrikt Trygve Ritland til NRK.

Mannen har vore innlagd på Haukeland universitetssjukehus med skadar som følge av ulykka og har derfor ikkje kunne blitt avhøyrt før no.

– Han seier mykje det same som dei andre involverte. Det har gått fort og det har vore traumatisk, seier Ritland.

Han vil ikkje kommentera ytterlegare kva som har kome fram i avhøyra av omsyn til etterforskinga.

Heving av helikoptervrak, fra havarikommisjonen.

Havarikommisjonen: – Flyteelementer løste seg ikke ut

Havarikommisjonen sier det ikke er funnet tekniske feil som direkte forårsaket helikopterhavariet, men undersøker nå hvorfor flyteelementer ikke utløste seg.