Hopp til innhold

Havvind-utsetting for Utsira Nord

Energidepartementet skriv i ei pressemelding at utlysinga av Utsira Nord truleg tidlegast kjem i begynninga av 2025.

Opphavleg skulle prosjektet ha vore kunngjort i fjor.

– Det er veldig synd at Utsira Nord blir ytterlegare forseinka, seier Arvid Nesse, leiar i Norwegian Offshore Wind.

Hildegunn T. Blindheim er direktør i Offshore Norge.

– Dette er eit svært alvorleg tilbakeslag for norsk havvindsatsing, seier ho.

– Vi er djupt bekymra for dei store konsekvensane dette kan gi for arbeidsplassar og leverandørindustrien.