Hopp til innhold

Havarikommisjonen om helikopterforliset: – Langt unna svar

– Nær tre veker etter ulykka er me framleis langt unna å kunne svare på spesifikke spørsmål, skriv Kåre Halvorsen i Statens Havarikommisjon til NRK.

Dei jobbar framleis med å innhente informasjon etter helikopterstyrten utanfor Sotra 28. februar, der éin person omkom, fortel Halvorsen:

– Havarikommisjonen har fått mykje informasjon, men vil òg ha behov for å innhenta ytterlegare informasjon ettersom arbeidet med å forstå ulykka held fram.

Halvorsen legg til at slike undersøkingar er komplekse og vil ta tid. Undersøkinga skal mellom anna belysa kva som bidrog til ulykka, og kva som kan gjerast for å forhindra at det skjer igjen.

Heving av helikoptervrak
Foto: Statens havarikommisjon