Hopp til innhold

Grønt lys til bunkringsanlegg i Florø

DSB har godkjent planane om eit ammoniakk-bunkringsanlegg på Fjord Base i Florø.

I tillegg har Kinn kommune og Vestland fylkeskommune sagt at dei ikkje har merknadar til søknaden, skriv Firdaposten.

Dermed nærmar det seg bygging for verdas første anlegg for båtar som brukar ammoniakk som drivstoff.

– Ein viktig milepæl, seier Kristin Svardal i Hub for Ocean, til avisa.