Hopp til innhold

Fylket beklagar at kritikk kom ut i media

I Vestland fylkeskommune blir det beklaga at kritikk mot tryggleiken ombord på opplæringsbåten MS «Skulebas» kom ut i media.

Den ansvarlege læraren på båten sa i vinter opp stillinga og uttalte i media at opplæringsfartøyet er for farleg for elevane.

Båten er del av fiske- og fanglinja ved Måløy vidaregåande skule.

På møtet i hovudutval for opplæring i dag vart ytringsfridom eit tema då dei tekniske problema på båten vart diskutert.

– Læraren har ikkje fått kritikk direkte, men det vart på møtet beklaga at dette vart ei sak i media. Så det var meir ein indirekte kritikk, seier utvalsleiar Åsmund Berthelsen (SV).

Han meiner likevel at tilsette i fylkeskommunen skal kunna komma med kritikk utad.

– Ei slik openheit er viktig, også i denne konkrete saka. Det er viktig at ting kjem fram. Folk har ytringsfridom, og slik må det vera, seier han.

No jobbar fylkeskommunen med både reklamasjonar og andre rettingar på båten.

– Men det er trygt ombord også no. Ellers hadde Sjøfartsdirektoratet stoppa det, seier Berthelsen.