Hopp til innhold

Funn av livlaus person i Kinn

Det er gjort funn av ein livlaus person i sjøen i Kinn kommune, opplyser Vest politidistrikt.

Kl. 18.29 blei det sett i gong ein redningsaksjon etter at ein person ikkje kom tilbake frå ein kajakktur i Kinn kommune. Det var pårørande som sjølv varsla politiet. Redningshelikopter, ambulansebåt og båt frå Røde Kors deltok i redningsaksjonen.

Kl. 19.15 blei det gjort funn av ein livlaus mann og ein kajakk. Det blei gjort livreddande førstehjelp på staden og personen blei flogen til Haukeland sjukehus.

Helsetilstanden er ukjent.