Full sjåfør svingte innom handlesenter
Politiet fekk i 20-tida tips om at ein berusa sjåfør var observert då han kom innom Lindåssenteret i Alver.
Etter kort tid fekk politiet stoppa den aktuelle bilen, og sjåføren blåste til over 1,0 i promille.
Mannen i 50-åra blir framstilt for blodprøve på legevakta.
Førarkortet er beslaglagt og det blir oppretta sak, melder Vest politidistrikt.