Hopp til innhold

Fryktar 3000 liter olje og diesel hamnar i sjøen

Etter godstogulukka i Bergen fredag har det begynt å renne olje gjennom eit dreneringsrøyr nær Arna stasjon og ned i Arnavågen. Søndag var brannvesenet på staden for å legge ut lenser.

– Det er potensielt kanskje opp til totalt 3000 liter transformatorolje og diesel som har rent ut frå ulike vogner på togsettet. Vi veit ikkje kor mykje som har rent ut, seier Jostein Steinsland Hauge, vaktleiar i 110-sentralen til NRK.

– Det er aldri bra at diesel og olje kjem ut i naturen. Brannvesenet har hjelpt til i akuttfasen.

Togavsporing opprydning Arna
Foto: Oskar Rennedal / NRK