Hopp til innhold

Fredrik Haugen legg opp

Tidlegare Brann-spelar Fredrik Haugen legg fotballskoa på hylla. Det stadfestar han på sin eigen Instagram-konto. Haugen debuterte for Løv-Ham i 2009 som 16-åring. Sommaren 2010 blei han Brann-spelar, og i 2017 passerte han 200 spelte kampar for laget.

– Å scora mål framfor ein fullsett Brann Stadion som bergensar gir ein følelse som er vanskeleg å beskriva, skriv han.

Haugen har også spelt for Stabæk og Ålesund.

Eliteserien i fotball 2020: Brann - Odd
Foto: Marit Hommedal / NTB