Hopp til innhold

Først blei han kidnappa. Så sikta politiet han

Fem menn er sikta for å ha kidnappa og rana ein mann frå Litauen 19. mars i Bergen. Neste natt fann politiet mannen uskadd i ein bil på Trengereid. Dei fengsla dei fem mennene, ein er norsk og fire er frå Litauen, skriv BT.

Deretter oppdaga dei at kidnappingsofferet var utvist frå Noreg for nokre år sidan. Dei stansa han i ein bil på Voss natt til 21. mars. Med seg hadde han over 2,2 millionar kroner i pengesetlar, på veg til heimlandet.

Han er no sikta for grovt heleri, og sit fengsla. Det gjer også dei fire andre landsmennene hans, då retten meiner dei kan rømme landet før rettssaka truleg kjem opp til hausten, skriv avisa.