Hopp til innhold

Forlenger snøskredvarslinga

Rekordmykje snø i Nord-Noreg og i fjellet i Sør-Noreg gjer at NVE forlenger snøskredvarslinga med to veker, fram til 12. juni. Seksjonssjef Rune Engeset seier til NTB at dei i år ser at behovet for å forlenge sesongen er spesielt stort.