Føreslår bussløysing til Ulltang
Fylkesadministrasjonen vil ikkje tilrå bybuss til Ulltang utanfor Førde i Sunnfjord, men vil styrke busstilbodet forbi. Det skriv Firda. Innbyggjarane får ikkje ta seg dei få kilometerane til Førde, verken til fots eller på sykle. Årsaka er at gangvegen vart stengd av ras og rasfare i 2021. Sidan har kommunen og fylkeskommunen ikkje blir samde om kven som har ansvaret med å rydde og sikre vegen for dei mjuke trafikantane.