Hopp til innhold

Fleirtal tilrår å sende skulestruktur på høyring

Fleirtalet i opplæringsutvalet går inn for å tilrå å sende forslag til ny skulestruktur i Vestland på høyring.

Forslag om kutt i elevtal på vidaregåande skular har skapt lokale protestar i Fitjar og Måløy. Frp og Raudt har teke til orde for å utsette høyringa.

Onsdag skal saka opp i opplæringsutvalet i fylket. Høgre, Venstre, KrF, Sp, Ap og SV opplyser til NRK at dei vil gå inn for å tilrå fylkesutvalet å sende saka på høyring slik den er no.

– Å utsette saka vil også vere å utsette høvet til å gi innspel, seier Morten Helland i KrF.

På førehand har Frp tatt opp spørsmålet om habilitet for enkelte av medlemane i utvalet som laga høyringsforslaget.

– Administrasjonen bør gjere greie for vurderingane som er gjort, slik at ein kan få slutt på spekulasjonane, seier Høgres Elias Eide.

møte i opplæringsutvalet i Vestland fylkeskommune 13. mars
Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK