Hopp til innhold

Fleire vart evakuert etter brann på Gyldenpris

Røykdykkarar evakuerte personar frå leilegheiter i mange etasjar då det vart meldt om kraftig røyk i kjellaren av eit høgbygg på Gyldenpris i Bergen mandag ettermiddag.

BA omtalte brannen først.

Brannvesenet fekk melding klokka 21.30. Det er ikkje meldt om personskade.

Klokka 22.15 var brannen meldt sløkt.

Jourhavande politijurist i Vest politidistrikt, Ingeborg Drægebø, seier til BT at det skal ha tatt fyr i nokre batteri i næringsareal i kjellaren i bygget.