Hopp til innhold

Fleire tog blir innstilt i april

Fleire togstrekningar vil vere stengt i periodar i løpet av april grunna utbetringar, melder Bane Nor i ei pressemelding.

Strekninga Bergen - Dale blir stengd frå 10. til 16. april, Bergen - Voss blir innstilt på dagtid mellom 22. og 26. april, og Bergensbanen blir stengd mellom Bergen og Hønefoss 27. og 28. april.

Det vil bli sett opp alternativ transport på strekningane i periodane dei er stengde.

Bane Nor minner om at det er farleg å ferdast i nærleiken av sporet sjølv om trafikken er innstilt, då det kan gå arbeidstog på dei stengde strekningane.