Hopp til innhold

Fire reiarlag klagar ferje-avslag til regjeringa

Fire reiarlag har klaga inn kviletids-problem for ferjemannskap til Nærings- og fiskeridepartementet.

Det er Fjord1, Norled, Torghatten Nord og Boreal Sjø som klagar på at Sjøfartsdirektoratet er blitt strengare på å gi fritak frå kviletidsreglane.

I Hordaland har endringa i fritaks-praksisen enkelte stadar ført til endra turnus og at mannskap seier opp.

Reiarlaga meiner staten har informert for dårleg om praksis-endringa.

Nærings- og fiskeridepartementet svarar i ein e-post til NRK at innstramminga blei varsla i eit rundskriv i 2022, og det etter diskusjonar med både maritime arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar.

Departementet seier det er for tidleg å seie kva tid dei får ferdigbehandla klagene.

Fjord1 seier dei ønsker ein prinsipiell avklaring.

– Skal ein endre praksis, må ein køyre ein ryddig prosess, og på ein annan måte enn gjennom eit rundskriv, seier regionleiar Tor Kristoffersen.