Hopp til innhold

Festspillene: Færre billettar enn i fjor, men fleire såg gratistilbod

Dei 71. Festspillene i Bergen blir avslutta i dag. Førebelse tal viser eit samanlagt besøk på 77.000, om lag 3000 meir enn i fjor.

Besøkstalet består av 27.800 utskrivne billettar (700 færre enn i fjor), 45.600 registrerte besøk på uteprogrammet og anna gratistilbod (6600 fleire enn i fjor), og 3600 besøkjande på Bergen Kunsthalls festspelutstilling (800 færre enn i fjor).

I tillegg hadde «Noreg lyttar – ein scenisk lesnad av Rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen» over 500.000 sjåarar på NRK.

– Vi er svært glade over å ha nådd ut til så mange og stolte over å ha fått auka publikumsoppslutning, trass i økonomiske nedgangstider og uvisse etter pandemiåra, seier festspeldirektør Lars Petter Hagen.

Lise Davidsen fra «Tosca» under Festspillene i Bergen 2023
Foto: Thor Brødreskift / NTB