Hopp til innhold

Fem til stades då mann med kniv vart skoten

Då ein mann i 20-åra vart skoten i beinet, etter å ha trekt kniv utanfor inngangen til legevakta i Knarvik natt til fredag, var det fire andre til stades: to polititenestemenn og to ambulansemedarbeidarar. Spesialeininga for politisaker har fullført avhøyr med alle fem. Det vart først losna eit varselskot, skriv Nordhordland. Politiet stadfesta i dag at mannen er lauslaten, og at det ikkje er vakthald rundt han på sjukehuset, skriv BT.