Hopp til innhold

Etterforskar medisinsvinn

Politiet etterforskar medisinsvinn ved Helse Førde, melder Bergens Tidende. I november oppdaga Helse Førde at over 1000 tablettar hadde forsvunne frå ei avdeling på Førde sentralsjukehus. Medisinsvinnet er meldt til politiet og er under etterforsking, opplyser HR-direktør Arne Skjelten. Medikamenta som er vekke er såkalla B-preparat. Dei er vanedannande, men ikkje narkotiske og blir ikkje låst inne.– Vi har ein mistenkt, og dette blir behandla som ein personalsak, seier Skjelten. Statsforvalteren er varsla.

Førde sentralsjukehus
Foto: Eirik Johnsen / NRK