Hopp til innhold

Elevar og klassar strøymer mot bergensområdet

Dei vidaregåande skulane i bergensområdet har 500 fleire søkarar enn i fjor.

Desse skulane får 7,5 fleire klassar neste skuleår, vedtok opplæringsutvalet i Vestland i dag.

I resten av fylket blir det 9 færre klassar:

4,5 færre i Hardanger/Voss, 2 i Nordfjord, 2 i Sunnhordland, og 1,5 i «HAFS-kommunane», altså Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord. Medan inntaksområdet Sogn/Sunnfjord får 1 klasse meir neste skuleår.

Nordhordland har 90 fleire søkarar enn i fjor, men får ikkje fleire klassar. Også Indre Sogn får uendra klassetal.

Fylkesadministrasjonen hadde samla sett føreslått 6 færre klassar i Vestland, men politikarane reduserte kuttet til 1,5 klasse.

(På biletet: Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen.)

Amalie Skram videregående skole
Foto: Hordaland fylkeskommune