Hopp til innhold

Eldre mann til sjukehus etter ulukke

Ein mann i 80-åra er flogen til Haukeland universitetssjukehus etter ei ulukke på Stårheim i Stad kommune. Hendinga vart meldt kring klokka 10.40. – Mannen skal ha kome i klem mellom førarhus og eit hjul på ei gravemaskin, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt. Mannen vart funnen av eit familiemedlem, og var medvitslaus då han vart frakta til sjukehus. Politiet kan førebels ikkje seie meir om helsetilstand. Politiet har gjort tekniske og taktiske undersøkingar på staden. Det kommunale kriseteamet vart straks kopla på for å vareta familien.