Hopp til innhold

Eldhus brent ned på Bulandet

Eit eldhus er brent på Sandøyna på Bulandet, melder 110 Vest. Brannmannskap er på staden og fortel at det ikkje er fare for spreiing til andre hus.

Fem personar har drive sløkkingsarbeid før brannvesenet var på plass. Desse blir tilsett av helse grunna at dei har fått i seg noko røyk.

Ifølge politiet skal det ikkje har vore personar i eldhuset då brannen starta.