Hopp til innhold

Ein mistenkt etter arbeidsulykke

Ein person har status som mistenkt etter ein arbeidsulukke på konteinarskip i Bergen laurdag kveld.

Det er for tidleg å seie om personen har handla klanderverdig, seier jourhavande jurist Katrine Thomassen i Vest politidistrikt.

Saka blir etterforska som ein arbeidsulykke, og Thomassen understrekar at det er vanleg å opprette sak når det skjer ein arbeidsulykke av eit visst omfang.

Politiet undersøker vidare over helga om det har skjedd noko straffbart.

Arbeidstilsynet skal vere varsla.

BT omtalte det først.