Hopp til innhold

Ein av fire ferjetilsette har slutta på to samband

Åtte av totalt 32 ferjetilsette har sidan nyttår sagt opp jobben på ferjesambanda Våge-Halhjem til Tysnes, og Hufthamar-Krokeide til Austevoll.

I tillegg har ein del søkt seg til andre jobbar i selskapet. Det opplyser Fjord1 til NRK.

Fjord1 har endra turnusordninga etter at Sjøfartsdirektoratet stramma inn på unntak frå reglane om at mannskapet skal ha minst 6 timars samanhengande kviletid.

Men mannskapet er misnøgde med løysinga Fjord1 har lagt opp til, med 12 timar av og 12 timar på. Det fører til sårbare ferjesamband.

Fagsjef i Maskinistforbundet, Odd Rune Malterud, er oppgitt, og meiner løysinga er å tilsette fleire.

Regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, seier dei jobbar med å finne betre vaktordningar, men at det ikkje vil løyse alle problem å tilsette fleire.