Hopp til innhold

Drapet på ukrainsk flyktning ferdig etterforska

Drapet på ukrainske Kateryna Kozhoma (31) i Bergen i juli 2023, er no ferdig etterforska. Det framgår av ein kjennelse frå Hordaland tingrett torsdag, melder BT.

Kvinna vart funne knivskadd på eit rom på Magic hotell som då vart brukt som flyktningmottak. Hennar fråseparerte ektemann frå Aserbajdsjan tilstod drapet ein månad seinare.

Han har vore varetekstfengsla sidan drapsdagen, og fengslinga er no forlenga med åtte nye veker.

Riksadvokaten har fått saka til behandling.