Hopp til innhold

Dørlås-problemet er ikkje løyst

Bergen kommune er framleis langt unna å få retta opp datafeilen som oppstod tysdag. Feilen gjer at heimehjelparar og heimesjukepleiarar ikkje klarer å låsa seg inn til brukarane ved hjelp av mobiltelefon.

Klokka 20 var berre 150 av telefonane fiksa.

Opptil 1000 telefonar fungerer framleis ikkje til dei elektroniske dørlåsane, opplyser konstituert kommunikasjonssjef Endre Hovland.