Hopp til innhold

Dømd til fengsel etter angrep

Ein mann i 40-åra frå Nordfjord er dømd til fengsel i 30 dagar.

Mannen skal ha angrepet og truga ein anna mann. Den fornærma blei lagt i bakken, heldt nede og slått i ansiktet med knytt neve. I tillegg skal den dømde ha truga mannen.

Sogn og Fjordane tingrett har bestemt at mannen i 40-åra må sone 30 dagar i fengsel for lovbrota.