Hopp til innhold

Dømd gravferdskonsulent ankar til høgsterett

Gravferdskonsulenten som tok bilete av den drepne Sunniva Borgen på Gades institutt og viste det til andre, ankar dommen han fekk til Høgsterett. Mannen i 40-åra vart i Gulating lagmannsrett dømd til 60 dagars fengsel utan vilkår.

– Me er einige med lagmannsrettens mindretal om at straffa skulle vera på vilkår, og ikkje utan vilkår med tanke på den lange liggetida, seier forsvarar Kim Villanger til TV 2.

Også påtalemyndigheita varslar at dei ankar dommen.

Ein 30 år gamal mann blei i mai i fjor dømd til 17 år i fengsel for drapet på 23 år gamle Sunniva Borgen i Åsane i 2021 (NTB).