Hopp til innhold

Dømd for hærverk på bilane til ex-kollegaer

Ein forretningsmann på Vestlandet er dømd til sju månadar i fengsel og må betala 100.000 i erstatning for grovt skadeverk på sju bilar, ein traktor og ein tilhengar i åra 2021-2023, skriv BT. Fem av dei seks eigarane var ex-kollegaer.

Mannen var dagleg leiar og medeigar i selskapet, men vart sagt opp i 2019 og mista aksjeposten.

Eitt hærverk vart fanga opp av eit overvakingskamera i Nordhordland.

Retten la vekt på at bilen hans var nær åstadane, og at han hadde eit hemnmotiv. Mannen avviser å ha hatt noko med hærverka å gjera, og har anka dommen.