Hopp til innhold

Dissens i Vestland Ap om Israel-boikott

Det er usemje i Vestland Ap om dei på helgas årsmøte skal vedta å jobbe for å forby handel med varer og tenester med opphav i okkuperte område, eller ikkje.

Eit førebels fleirtal vil også ha oljefondet ut av alle israelske selskap, og meiner Noreg må gå i spissen for internasjonale sanksjonar mot Israel.

Eit førebels mindretal meiner at einsidig norsk boikott mot Israel vil føre til at Noreg ikkje kan ha dialog med begge partar lenger.