Hopp til innhold

Desse skal konkurrera om å skapa det nye musikkteateret i Bergen

Fem arkitekt- og rådgivargrupper er valde ut til å konkurrera om utforminga av det nye musikkteateret i Griegkvartalet, melder Bergen nasjonale opera i ei pressemelding.

– Me fekk 32 søkarar i konkurransen. Etter ein prosess med prekvalifisering, har me no landa på fem utvalde kvalifiserte søkarar, seier Olav Munch, administrerande direktør i Grieghallen og medlem av komiteen som har valt dei fem finalistane.

– Dette er eit av Noregs mest spanande kulturbyggprosjekt som no er i støypeskeia, seier han, som seier at konkurransen på folkemunne kan kallast ein arkitektkonkurranse, men at det eigentleg er ein plan- og designkonkurranse. Dei fem utvalde grupperingane er Henning Larsen Architects, Mad arkitekter og Kengo Kuma, Nordic Office of Architecture, Snøhetta Oslo og Zaha Hadid Architects.

Olav Munch
Foto: Grieghallen AS /