Hopp til innhold

Bygning som brann skulle hatt sprinklaranlegg

Blokka som brann på Nattland i Bergen seint måndag, skulle ha fått sprinklaranlegg for nesten to år sidan. Det seier Bjarte Høyseter, direktør i etat for bustadforvaltning i Bergen kommune, til TV 2.

Eit anbod om å utstyre den kommunale bustadblokka med sprinklaranlegg vart lagt ut på Doffin i juni 2022. Det skjedde etter at ein annan kommunal bygning vart totalskadd året før. Men dei som fekk oppdraget, greidde ikkje fullføre.

14 bebuarar evakuerte under brannen måndag. Ingen kom alvorleg til skade.

Nattland brann
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK