Hopp til innhold

Bybanen: Plandirektøren får ikkje lage tunnelutgreiinga

Byrådet i Bergen har avgjort at leiar Terje Wanvik i plan- og bygningsetaten ikkje får ansvar for å lage den nye utgreiinga om å bygge Bybanen i tunnel i staden for foran Bryggen.

Det skriv BT.

Byrådet har dermed gjort som gruppeleiar Trond Tystad i Bergenslisten tidlegare har kravd.

Tystad grunngav det med at Wanvik har hatt eit veldig tydeleg syn på at Bybanen bør byggast foran Bryggen.

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) stadfestar at ho «har høyrd på Tystad», men avviser at avgjerda er ein kritikk mot etatleiinga.

Byrådet skal i staden leia tunnelutgreiinga sjølv, og skriv i sakspapira at dei derfor må rekruttere, leige eller hente inn kompetanse og kapasitet som dei manglar på fleire område.

Forprosjekt skal fastsette éin tunneltrasé, og i løpet av hausten blir det laga kostnadsanslag for denne traséen. Heile utgreiinga skal vere ferdig for politisk behandling hausten 2025.

Tarje Wanvik
Foto: Leif Rune Løland / NRK