Hopp til innhold

Bybanen og lastebil kolliderte

Politiet rykte i går kveld ut til eit bybanestopp ved Brann Stadion klokka 23.13 etter at ein mindre kollisjon mellom bybanen og ein lastebil. Det var mange personar om bord på banen. Ingen blei skadde, og alle blei evakuerte. Bybanen hadde låg fart under hendinga og eit sidevindauge blei knust. Det var inga avsporing. Det blei stengt for trafikk, men klokka 23.37 gjekk bybanen som normalt att. Det blir ikkje oppretta sak, melder Vest politidistrikt. Hendinga blir ei forsikringssak mellom bybanen og køyretøyet.