Hopp til innhold

Brukte politidrone for å finne sjåfør som stakk etter krasj

Politiet har funne sjåføren som stakk etter å ha krasja ein bil i eit autovern ved Vaksdal. Mannen køyrde vidare og forlet bilen ved Romslo. Politiet fekk opplysningar om at han bevega seg mot toglinja, og varsla om moglege forseinkingar i togtrafikken. Så vart mannen funnen i jernbanesporet ved hjelp av politihund og politidrone, opplyser Vest politidistrikt.

Mannen er arrestert og sikta for ruskøyring, for å ha stukke frå trafikkulukke og for å unndra seg politikontroll.

Politiet leter etter fører etter at en bil krasjet i Vaksdal
Foto: Bergen Foto og Media