Hopp til innhold

Brannvesenet visste ikkje om passasjertoget i tunnelen

Brannvesenet vart overraska då dei fann eit passasjertog inne i Arnanipatunnelen etter godstogulukka fredag.

Dei jorda på begge sider av tunnelen for å få av straumen på toglinja, og tok seg inn frå Vaksdal-sida for å redde lokføraren. Først godt inne i tunnelen oppdaga dei regiontoget med 200 passasjerar, som sat i mørket.

Det opplyser 110-sentralen til NRK. Brannvesenet snakka med konduktøren før dei tok seg fram til lokføraren og hjelpte han.

NRK har spurd Bane Nor om kva kommunikasjon dei hadde med naudetatane om passasjertoget. Dei svarar at dei må undersøke saka vidare. Vest politidistrikt har ingen kommentar, utanom at dei meiner at informasjonsflyten fredag kveld var god.