Branntilløp i Bergen sløkt – politiet opprettar sak
Politiet opprettar sak etter eit branntilløp i ein konteinar på Minde i Bergen tidlegare i dag.
Brannen blei sløkt etter kort tid.
Etter at vitne sa dei hadde sett to gutar i ungdomsskulealder i området blei politiet kopla på saka.
– Me har ingen namngjevne mistenkte per no, men me opprettar sak som me kan etterforske vidare, seier politiadvokat Jan Christian Alvheim til NRK.
Det var BA som først melde om branntilløpet.