Hopp til innhold

Brannmannskap om togulykke: - Vi jobbar for harde livet

Eit tog har spora av på veg til Arna stasjon. Brannmannskap seier situasjonen er uoversiktleg.

– Vi jobbar for harde livet på staden, men det er litt uavklart akkurat no, seier Lars Petter Lorvik i 110 Vest. Han veit ikkje om det er personskadar.

Anne Sofie Kirkhusmo, pressevakt i Bane Nor, seier dei fekk beskjed om at eit godstog spora av på veg inn til Arna stasjon.
– Toget mista ein konteinar, som igjen reiv med seg kontaktleidningen som gir køyrestraum til toga, seier Kirkhusmo.

Dermed er all trafikk nede, noko som betyr at det ikkje går tog ut og inn til Bergen.
– Veit du om det er personskade?
– Eg har ikkje fått informasjon om det, seier pressevakta.

Det er uvisst kor lang tid det vil ta å rette opp i hendinga, men Bane Nor er på veg til staden no.

– ​​​​ Vi må finne ut kva som har skjedd og korleis det ser ut der, seier ho. Ho oppmodar reisande om å sjekke appar og nettstader hos selskapa.